3.plass til Ekeberg i Ultimate NM

3.plass til Ekeberg i Ultimate NM

3.plass til Ekeberg i Ultimate NM

Ekeberg Sendeplateklubb si Ultimategruppa har hatt svingande prestasjonar denne sesongen (femte, niende og femteplass i dei tre turneringane dei har delteke i), men under NM i Lørenskoghallen i helga viste laget kva dei er gode for. Hard jobbing og godt humør ga god betaling i form av ein 3. plass!

20160417_153555

Lagbilde etter medaljeseremonien Øverst f.v: Ole K. Mosand, Haakon Laastad, Magnus Grøtterud, Heine Nygard Riise, Scott Tschida, Kristine T. Jarsve Nede f.v: Håkon Østerbø, Ingrid Håøy Nygård (kaptein) og Matthias Lammert

 

ESK opna heile turneringa i fyrste kamp mot Trondheim Frisbeeklubb. Dessverre hadde trønderane skumle hensiktar og sjølv om ESK hang godt med og godt kunne teke sigeren, blei det tap 7-9. Det tapet skulle vise seg å vere skjebnesvangert seinare i turneringa. Mot veteranane i Lulu fekk ESK sin første siger for dagen (9-7), i ein kamp der Ekeberg verkeleg viste at dei er eit godt ultimatelag. Godkjensla frå Lulu-kampen blei tatt med inn i kampen mot Oslostudentenes Idrettsklubb som verkeleg fekk unngjelde. 11-2 blei sluttresultatet. Bergen Studentidrettslag blei ekspedert 10-7 i ESK sin siste kamp i dag 1 av turneringa.

 

Grunna tapet i første kamp mot Trondheim var Ekeberg nødt å vinne begge dei to resterande gruppekampane sine på dag 2 av turneringa, og det heile starta godt med ein solid 10-5 siger over Norges miljø- og biovitenskapelige universitets idrettslag, men i siste kamp i gruppespelet blei det tap mot Pancake. På tross av ein fantastisk sluttspurt av ESK der dei reduserte Pancake si 4-9-leiing til 8-9 på kun 5 minutt (!) blei det eit knapt 8-10 tap til slutt. Tap i fyrste og siste kamp i gruppespelet holdt ikkje til finale (den blei spelt mellom Trondheim og Pancake, og Pancake vann 15-10). I staden blei det bronsefinale mot Lulu. Laget som har dominert Ultimate NM kvart år dei har stilt opp blei regelrett sprunge i senk av eit meget hardtarbeidande ESK, og til slutt sto det 12-5 på resultattavla. Det største tapet til Lulu i NM 2016, og godt mogleg det største tapet til Lulu i NM-samanheng nokonsinne!
Eit verdig punktum på ei strålande turnering! Alle spelarane jobba steinhardt og fortente verkeleg bronsemedaljen. ESK viste også at dei er kapable til å hamle opp med alle lag i Noreg, og neste sesong bør Pancake sjå opp for dei kvitkledde frå Ekeberg.

Selfie tid etter 3.plass ultimate NM 2016

litt selfietid må til når man har tatt klubbens første medalje i Ultimate NM