Velkommen på åpen ESK-dag 28. august

Kl. 11:00 søndag 28. august arrangerar Ekeberg Sendeplateklubb åpen ESK-dag! Det blir ein dag via til frisbeesportar: Guts, Ultimate og diskgolf. Det vil bli instruksjon i alle greinane.

Programmet ser slik ut:

11:00 Oppmøte og velkomst
11:30 Guts
12:15 Ultimate
13:15 Lunsj. Me vil servere ein gryterett og drikke til maten
14:15 Parallellsesjon med putting og driving. Instruksjon i begge delane
15:15 Me avsluttar dagen med å gå ein mini-runde
16:15 Avslutning

I Ultimatedelen blir det instruksjon frå to av ESK sine deltakarar i VM i Ultimate!

Det vil bli holdt ein uformell konkurranse gjennom dagen, og premiar vil bli delt ut på slutten av dagen.

Dagen varar i overkant av 5 timar, og me håpar at så mange som mogleg vil ta turen. Ta gjerne med deg ein ven eller to eller tre. Me vil vidare oppfordre ungdom til å delta på arrangementet. Kjenner du ungdom som er interessert i golf, guts eller Ultimate blir me veldig glade om du får dei med på dagen!

Sidan me skal servere mat, må me ha ein oversikt over kor mange som kjem. Fyll difor ut det følgande skjemaet dersom du vil kome på dagen:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSc343oVWU8SKZcnWHZvebTROGO2fKMGXweZaLoQb1qC13SfPg/viewform

Påmeldinga må vere registrert innan onsdag 24/8-16.

Tar du med deg vener, er det fint om du vil dele lenka til skjemaet med dei.

Oppmøtet er kl 11:00 på Ekebergsletta ved sletta sørvest for Ekeberg skule og aust for Ekeberghallen. Ca her: http://tinyurl.com/jtpsoom

Sidan dette er ein uteaktivitet, er arrangementet dessverre veravhenging, og me tar forbehold om godt ver. Skulle me vere so uheldige at dagen blir ramma av dårleg ver, il me gi beskjed om avlysing innan fredag 26/8-16.

Beste helsing,
Heine og Gjermund